onsdag 25. februar 2009

Ein liten utblåsning...

På måndag var det "Framtidsfylket"-messe på Verftet her i Bergen. Sogn og Fjordane vil rekruttere folk, og spanderte tapas, konsert med the Generous Days og hadde mange stands der bedrifter og kommunar prøvde å lokke folk til fylket. Eg var tilstades og hadde det veldig kjekt, men eg må få ut noko som irriterte meg... Sogn var dårleg representert tykte eg; det meste var om Nordfjord og Sunnfjord (både taler og powerpoint-framsyningar), og det er jo trist for oss som tek utdanning i byane og lurer på om det er jobbar til oss heime i Sogn når me er ferdige....

Dette er jo sjølvsagt mi eiga personlige meining, men eg ville tru at Sogn treng folk òg? Det kan då ikkje vere kun i Fjordane at det trengst arbeidskraft?

onsdag 18. februar 2009

Feltkurs

Her er nokre bilete frå det siste feltkurset mitt før eg reiste frå Island i fjor vår (mai månad). Me har fin natur heime, men jammen er det fint andre stader og!

Smelting av bre i aksjon

Hana foran foss...

Slik ser fossen ut utan ei japansk jente foran!

Eg og Helena vart litt skuffa då me fann ut at feltkurset, som varte i ei veke, sjølvsagt kolliderte med 17.mai, så me kjøpte inn softis, teikna flagg, song "Ja, vi elsker" foran heile klassen og var vel stort sett ganske irriterande heile dagen der me ropte "hipp hipp hurra" sånn omtrent 390 gongar.. Vår vesle hemn for at me ikkje fekk feire i Reykjavik med dei andre nordmennene;)


Breisen er ikkje akkurat så rein...

Fine isfjellet!

Eine forelesaren vår (Ivar Ørn) prøver å forklare prosessane foran Sólheimajökull, men det er vel ikkje så lett når me hadde mangt slags folk i klassen (t.d ein indar som studerte sosialantropologi og fleire som verkeleg ikkje hadde så mykje å gjere der...).

Ja, eg likar isfjell!


Gígjökull, ein kjempeflott (og bratt) brearm!

Nok eit bilete av Sólheimajökull. Det var foran denne breen at me hadde feltarbeidet. Ikkje så verst arbeidsforhold her, betre ventilasjon enn på kjøkenet på hotellet ein heit søndagsettermiddag iallefall!;)
Her har det runne mykje smeltevatn ut frå Sólheimajøkull. Det var mange av elevane som ville inni, men heldigvis var forelesarane flinke til å advare om at det kunne rase ned. Er mange som har mista livet sitt unødvendig slik.