mandag 31. mars 2008

Karin på besøk!

Dagen etter eg kom meg oppatt her på Island kom Karin på besøk. Me hadde planane stort sett klare over kva me rakk å oppleve før ho reiste heimatt, og jammen fekk me gjennomført mykje (på tross av "dinna vinden" som Karin klagde over...)!
Bading i den blå lagune er obligatorisk viss du er på besøk...! Litt kaldt med snøen, men det varmar godt inne i saunaen (og i vatnet...!)Meg klar for "The Golden Circle" på laurdagen!
Det bles frykteleg når me såg på Kerið, vulkankrateret; legg merke til den "frekke" frisyren til Karin!Ei blid Karin foran Gullfoss. Det bles like gale her og, so me bestemte oss for å ha ein liten "foto-shoot" på lesida av bussen etter å ha tatt bilete foran fossefallet...
Her er mitt "bekymra" uttrykk... At eg ikkje er med i "Top Model" skjønar eg rett og slett ikkje...

Happy Karin med snasen hue! Leik med kameraet, Karin, leik med kameraet!
"Kjenn den friske lufta"
Karin i velkjend positur. Leikar med kameraet...

Flott utsikt langs heile turen, ser geotermale anlegg fleire plassar.
Den berykta vinden...
Jenta i røyken... Her er me ved Geysir (Strokkur som erupterer)!

Det finst ei utstilling av daude dyr (og eit museum...) ved Geysir, og den kan ein ha det morosamt med!...

På laurdagskvelden vart det arrangert 80-tals party her på Gamli Garður, og antrekka folk møtte opp med var i sann 80-tals ånd! Festen var kanonbra, alle dansa til gamle schlägers som A-ha og Cindi Lauper, og karaoke vart sjølvsagt også arrangert! Eg og Karin var sletne både i kroppen og stemmebånda søndagen etter all dansinga og synginga, dette var faktisk den beste treninga me hadde hatt på lang tid fann me ut! Eg vann faktisk prisen for beste jentekostymet, men eg veit ikkje heilt om det er positivt eller negativt...!
Katie (som eg bur med her på Gamli) og Karin i sann 80-tals stil!
Meg i djup konsentrasjon medan eg syng Simple Minds sin klassikar frå "The Breakfast Club"; "Don't you forget about me"....
Søndagen vart tilbragt på loppemarknaden, som faktisk har alt mellom himmel og jord!
Litt sengelektyre for dei som er interesserte...! Husmorpornoen lenge leve!

Jajamen... Til og med Neil Sedaka (for ikkje å gløyme Olav Stedje) finn ein her! Eg kjøpte rett nok 2 LP'ar, men det var Motörhead og Mötley Crue...


So no skal eg lade opp, for i morgon kjem tante Astrid og Tom på besøk, og då skal me forhåpentlegvis rekke over ein stor del av Island før dei reiser heim og neste besøk er på veg....!

tirsdag 25. mars 2008

Påska!

Eg reiste heim i påska, og det var jo stort sett pga jobbing...men litt skigåing blei det jo tid til og, eg kjøpte meg jo nytt skiutstyr til 6000 (!) kr, og måtte prøve det eit par gongar.

Eg og Karin skulle på Geisdalen og ville låne med oss Jølle og Nansen på turen, so då måtte me til Frank og hente dei, og han hadde 6 fantastisk søte kvelpar i hundegarden sin so me sjølvsagt måtte kosemoseoverdose litt med!

Nyyydelege kvelpar!!
Flott utsikt!

Det var eit godt forsøk på tigging, men ikkje godt nok, karar...

Litt overraska for at han ikkje fekk noko?
Det var ikkje berre me som nytte sola...

Testing av ski...Det gjekk litt opp og ned, men er vel ei tilvenningssak for ei som er van med langrennski, og kun har prøvd carvingski éin gong før...!

Eg ville teste skia på Tullhaug også, litt meir kontrollert, men måtte prøve å unngå å dette oppi her...

Idyll på marki!

torsdag 13. mars 2008

Klar for ferie...

No merkar eg at eg er klar for ferie! Eg skal reise til Bergen imorgon, og kjem heim til Jostedalen tysdagen for å jobbe og prøve å slappe av..

Idag har eg vore på shopping for eit antrekk til påskeafta, og med tanke på alle dei fancy butikkane me har her oppe i forhold til heime, er det ikkje vanskeleg å svi av nokre tusenlappar! Nye kjøp er 1 stk kjole på butikken "sautjan - 17" (ja, dei seier "saukjan" her oppe og!=) og div. strømper på Top shop, nøgd med dagen altso!

Dagens fangst!

Paradis for jenter, Kringlan som er eit av dei største kjøpesentra. Her finn du mykje fint!

Trafikk på Island... Men flotte vegar har dei iallefall!

lørdag 8. mars 2008

Strokkur


Tenkte eg kunne dele ein liten video eg fekk tatt då eg og Siv Oddny var og såg på geysir. Her er Strokkur når den erupterer, eg sto litt for nærme til å få me alt, og har heller ikkje fått til å rotere filmen...men kult er det jo!:)

torsdag 6. mars 2008

Turistane frå Sogn!

Igår skulle eg nok ein gong på turisttur, denne gong med Siv. Me hadde allereie rukke å bade i den blå lagune på måndag, men Siv skulle få med seg litt meir, og ho var svært interessert i å få med seg Gullfoss og Geysir, so me hoppa på ein av dei mange tur-bussane her.

Fyrste stopp på denne litt kortare versjonen av "The Golden Circle" var Kerið, eit vulkankrater som eg synest var utruleg flott! Kalderaen er 270 x 170 m og omlag 55 m djup. Utruleg moro å sjå slikt som me ikkje akkurat kan sjå heime i Jostedal...

Legg merke til bergarten som har ein flott raudfarge!

Turen gjekk vidare til Gullfoss, og her er nokre bilete derfrå:

Akkurat idet me var på veg opp att såg me denne regnbogen over Gullfoss, ganske bra timing!

Panorama over gullfoss og omgjevnadane. Ikkje verdens beste, men tatt med kameramobil, so det er godt nok for meg!;)
I kafeteriaen ved Gullfoss åt me lambasuppe, som eigentleg var det same som betasuppe. Men god var den!

So køyrde bussen vidare til Geysir. Denne gongen var det mykje meir vatn i Strokkur enn det var sist gong eg var der, so eg lurar på om sjølve erupsjonane kom høgare også. Flotte bilete fekk me iallfall!Stille før stormen...

Strokkur når den erupterer

Store krefter i sving!

...so er det tilbake til krateret med vatnet att, før geysiren igjen erupterer. Ca. kvart tredje minutt sa guiden vår.

Alt i alt ein flott tur, som kan anbefalast!

Besøk!

Endeleg fekk eg litt besøk frå heimlandet, men fleire skal det bli! I denne omgong, på laurdag 1.mars, kom Siv Oddny på besøk til meg. Ho hadde med seg flott ver, og me nytta anledningen til å gå litt rundt i byen fyrste dagen ho kom. Det er ikkje so altfor ofte at veret er like flott!

Siv på "photoshoot" framfor Tjörnin!


Seinare same kvelden skulle me feire bursdagen til Harald, som eigentleg hadde dagen sin søndagen før... Harald fekk ei tegneseriebok, godteri, fest, vestlandslefse som eg og Helena ordna til (!) og mjølkesjokolade!:) Her er nokre av bileta frå feiringa:

Bursdagsbarnet med presangar!


Helena "strikes a vogue"...

Siv og meg. Eit lekkert bilde som berre måtte bli med.

Barbara frå Nederland og Signe frå Danmark var også med og feira!