torsdag 6. mars 2008

Besøk!

Endeleg fekk eg litt besøk frå heimlandet, men fleire skal det bli! I denne omgong, på laurdag 1.mars, kom Siv Oddny på besøk til meg. Ho hadde med seg flott ver, og me nytta anledningen til å gå litt rundt i byen fyrste dagen ho kom. Det er ikkje so altfor ofte at veret er like flott!

Siv på "photoshoot" framfor Tjörnin!


Seinare same kvelden skulle me feire bursdagen til Harald, som eigentleg hadde dagen sin søndagen før... Harald fekk ei tegneseriebok, godteri, fest, vestlandslefse som eg og Helena ordna til (!) og mjølkesjokolade!:) Her er nokre av bileta frå feiringa:

Bursdagsbarnet med presangar!


Helena "strikes a vogue"...

Siv og meg. Eit lekkert bilde som berre måtte bli med.

Barbara frå Nederland og Signe frå Danmark var også med og feira!

Ingen kommentarer: