lørdag 23. februar 2008

The Golden Circle

Idag har eg vore turist her på Island! Eg, Hana, Brad, Harald og Loran (ein nederlandsk gut som berre er på gjennomreise) leigde oss bil og køyrde den sokalla "Golden Circle" her på Island.
Ruta me då tok var rundt den sørvestlege delen av Øya, og me fekk med oss ein god del spennande plassar!

Me stod opp so tidleg me klarte etter litt rolegare festing enn vanleg inatt, og var vel på vegen kvart på 11 idag tidleg. Fyrste stopp på vegen var Þingvellir (Tingvoll), der Allþingi (Alltinget) starta i år 930 for å fastsetje lover, avgjere tvistar og dømme lovbrytarar. Her var naturen spektakulær, ikkje minst fordi det her er plategrense mellom den Nord-Amerikanske plata og den Europeiske plata, godbetar for geologar altso!:)

Her går me faktisk midt i riftsona, og her deler og utvidar landet seg fortsatt! Den Nord-Amerikanske plata til venstre i biletet, og den Europeiske til høgre.

Eg syner musklar mellom platene!

Her er litt av utsikta, me ser her delar av Thingvatn, den største innsjøen på Island (so vidt eg veit).

Her var det litt av kvart som har skjedd opp gjennom åra, noko spesielt var det at kvinner som hadde vore utru blei drukna i elva her, medan mannfolka vart halshogde. Staden der kvinnene vart drukna var merka langs stien:

Her er altso "åstaden".

Her prøver Harald, Hana og Brad å rekonstruere, men eg er usikker på om det var slik islendingane gjorde det...

Det var ogso laga eit fossefall her, eg veit ikkje heilt kva grunnen er, men flott var det iallefall:

Turen gjekk so vidare til Geysir. Den største geysiren har sjeldan erupsjonar no medan den vetle geysiren, Strokkur, har utbrot ca. kvart sjette minutt, so me fekk med oss mange spektakulære syn!


Det er utruleg flott å sjå kva naturen kan gjere!

Me måtte reise vidare, og neste stopp var Gullfoss, eit av dei største fossefalla på Island. Det er sikkert spektakulært når det er sommar og isen har smelta, men eg synest det var kjempeflott no med all isen og dei flotte fargane på himmelen idag! Her er nokre av dei flotte utsiktene me såg:
Me vart trøtte etter ein lang dag med reise, enkelte meir enn andre:-) :
Hana rolegare enn normalt...

Eit siste bilete frå bilturen heimatt, som var prikken over i'en på ein spennande dag!

2 kommentarer:

Anonym sa...

misssunnnellleegg...

Anonym sa...

jep. poor kids in the backside of the car.... but i have to admit... lot of dirty talk.... :D