torsdag 17. april 2008

Good news/bad news

Gode nyhenda fyrst: Forrige helg hadde eg besök av Laila og Anne. Fekk gratis mat og gratis bading i den blaa lagune...herleg;)

Daarlege nyhenda: Dataen min har bestemt seg for aa dö i ein alder av litt over 2 aar. Paa fredag sa den takk og farvel, midt i term-paper skriving og eksamensperiode. Idag har eg faatt den tilbake fraa "reparasjon", og heldigvis klarte dei aa faa tatt vare paa nokre bilete og dokument, men alt anna av innmaten har svunne hen. Ifölgje dei sakyndige var det eit eller anna med "motherboard" og "memory" som hadde kræsja, og eg vil difor oppmode til eit minutts stillheit for verdens verste og mest irriterande laptop som slenger dette i trynet paa meg paa det verst mulege tidspunkt.

No maa eg kjede meg i hel den siste maanaden her, og tenke paa korleis eg skal faa kjöpt meg ein ny som eg kan stole paa for 0 pengar....Eg faar sette meg paa skulen og blogge istaden!

søndag 6. april 2008

Knallhelg!

Denne helga har eg vore med Astrid og Tom til Vatnajökull, og me har sett kjempeflott natur! Me har hatt utgangspunkt i Skaftafellområdet, og har sove på Skaftafell Hotel. Det er luksus å få sove på hotell, og å få komme seg litt vekk frå studentheimen i Reykjavik! Eg har fått so utruleg mange flotte bilete og sett storslått natur, for kvar enn du snur deg so ser du eit fantastisk motiv! Naturen her er so variert; du får sett alt frå store lavastraumar til brevatn der det er mykje kalving og til og med reinsdyr og sel!

Her er eit lite utval av kvar me har vore, det er umogleg å få med alt diverre!


Dette er flotte fossefall i Þorsmörk, ein dal me køyrde forbi på vegen.



Me fekk som nemnt sjå litt reinsdyr på vegen; det var flott å få avbrekk av alle dei tusenvis av hestane som er overalt!



Litt av utsikta over Skeiðarársandur; den største sandur i verda! Denne blir jamnleg overfløymd av jökulhlaups som kjem frå Vatnajökull. Jökulhlaup er katastrofale flaumar som dekkar heile sanduren, og her låg det vegar og bruer som vart totalt øydelagde etter forrige jökulhlaup i 1996. Maks. flaum vart rekna å vere 50,000 kubikkmeter per sekund!


Svínafellsjökull, ein av dei mange flotte breane me såg på turen!

Utsikt frå Vik i Myrdal, flotte klipper!

Her er me ved Jökulsárlon framfor Breiðamerkurjökull. Jökulsárlon er ei brelagune, og det var her dei spelte inn James Bond-filmen: "Die another day" (istaden for i Jostedalen....)

Eg må ærleg innrømme at eg skjønte kvifor dei spelte inn filmen her, dette er faktisk noko av det nydelegaste eg har sett, me blei ståande og måpe alle saman! Heilt fantastisk ver, fantastiske brear og natur, og i tillegg masse isfjell og ikkje minst såg me sel her! Dei låg og slappa av innerst i laguna, og hadde det tydelegvis like flott som me hadde det!

Spreke ungdomar...!

Her ser du godt midtmorena på Breiðamerkurjökull.

Me gjekk også til Svartifoss, der fossen grev seg bakover i svart søylebasalt, som har gitt opphav til namnet. Søylebasalt blir danna ved sein avkjøling av store lavamengder (straumar), slik at lavaen får tid til å krystallisere til heksagonale søyler. Moro!!!


Køyreturen heimatt vart også flott, og då me kom inn att i Reykjavik sentrum såg eg tidenes motorsykkel! Her oppe går det tydelegvis i Haralður Daviðsson, og ikkje Harley Davidson!:-)

fredag 4. april 2008

Tidenes tur!!!!

Herregud for ein utruleg dag eg har hatt idag!

Dagen byrja med eit feltkurs rundt i Reykjanesområdet, og etter det var det meininga at eg, Astrid og Tom skulle byrje på helgeturen til Vatnajökull. Men den gong ei...

Ikkje nok med at me istaden skulle leige eit småfly for å flyge litt rundt på den sørvestlege delen av Island, men i tillegg so fekk Tom vere styrmann! (han har jo lappen so det skulle jo gå greit;-)

Trur du ikkje me fyrst flaug litt over lavalandskapet ut mot Reykjanes, men so gjekk turen til Vestmanneyjar (der eit kjent vulkanutbrot tok plass i 1973) der me såg restane etter dei store lavastraumane!?

Men ikkje nok med det: Når me likevel var på vegen, so svingte me innom Surtsey! Dette er svært spesielt, fordi Surtsey dukka opp av havet i 1963! Øya er freda fordi forskarane vil la fuglane vere i fred og sjå korleis livet utviklar seg på øya, men det er lov å fly over. Dette var utruuuuuleg moro (både for geologar og andre!)! Bileta er alle (sjølvsagt...) tekne frå innsida av flyet, so kvaliteten er vel ikkje fullgod, men herregud- for eit syn!
Vestmanneyjar frå lufta, og to blide pilotar; Tom og Albert!


Meg happy for å vere i lufta!


Her er vulkanen Hekla sett frå fugleperspektiv! Dette er ein svært farleg vulkan, og den er også relativt nær Reykjavik. Hekla er på overtid no, so dei forventar eit utbrot her om ikkje so altfor lenge.



Fantastisk utsikt over Surtsey!!!

Astrid og meg utafor det store, flotte flyet vårt idag!

onsdag 2. april 2008

Besøk! ...igjen!

Jajamensann, endå eit besøk heimefrå her oppe no, igår kom tante Astrid og Tom opp hit! Dei blir verande i ei veke, og har leigd seg bil, so no er det lett å komme seg rundt omkring.
Idag har me køyrt frå Reykjavik til Snæfellsneshalvøya rundt og tilbake. Det vart ein lang tur, men vel verdt det!
Fyrste stopp på turen var Garðaberg, ein av dei mange ikkje-planlagde stoppa me hadde idag. Me køyrde tilfeldigvis forbi noko som likna på ein merkeleg oppdemjing frå avstand, og heldigvis vart Tom so nyskjerrig at han køyrde inn den vetle sidevegen for å finne ut kva dette var. Då me kom nærare såg me til vår store glede at "demjingen" var søylebasalt (ja, geologar finn stor glede i slike ting...)!Utruleg flotte formasjonar! Legg merke til "det skeive tårn i Pisa"-look-a-liken nederst til venstre!
2 halvgamle turistar på Island med tidenes raudfarga bil! ;-)

Her er då Snæfell, bileta er tatt frå forskjellige vinklar. Veldig flott fjell med silkeoverflate!


På vegen til Snæfellsjökull (ein relativt grusete, usikker, svingete og humpete veg...) var det flott utsikt til alle kantar.

På denne vegen låg også Sönghellir, også kjent som "The Singing Cave"
...Tom måtte jo sjølvsagt åke seg inn i hòla og ta bilete! ;-)
Ein haug med steinar låg her også...!



Her er me "on the road" og køyrer innom ei lita bygd, der det var flotte formasjonar og masse fuglar nede ved vatnet!Same stad var det også ein steinfigur reist til minne om...ja, ein eller annan...(er ikkje heilt god på historie....). Men det var ein tøff figur (endå tøffare enn trollet på Hundersfossen- om det går an!)

Ein lang dag vart det, men jammen såg me masse fin natur! I helga satsar me på å reise ned til Vatnajökull for eit par dagar, so me kryssar fingrane for å få ein minst like fin tur (og ikkje minst ver!) som me fekk idag!

mandag 31. mars 2008

Karin på besøk!

Dagen etter eg kom meg oppatt her på Island kom Karin på besøk. Me hadde planane stort sett klare over kva me rakk å oppleve før ho reiste heimatt, og jammen fekk me gjennomført mykje (på tross av "dinna vinden" som Karin klagde over...)!
Bading i den blå lagune er obligatorisk viss du er på besøk...! Litt kaldt med snøen, men det varmar godt inne i saunaen (og i vatnet...!)Meg klar for "The Golden Circle" på laurdagen!
Det bles frykteleg når me såg på Kerið, vulkankrateret; legg merke til den "frekke" frisyren til Karin!Ei blid Karin foran Gullfoss. Det bles like gale her og, so me bestemte oss for å ha ein liten "foto-shoot" på lesida av bussen etter å ha tatt bilete foran fossefallet...
Her er mitt "bekymra" uttrykk... At eg ikkje er med i "Top Model" skjønar eg rett og slett ikkje...

Happy Karin med snasen hue! Leik med kameraet, Karin, leik med kameraet!
"Kjenn den friske lufta"
Karin i velkjend positur. Leikar med kameraet...

Flott utsikt langs heile turen, ser geotermale anlegg fleire plassar.
Den berykta vinden...
Jenta i røyken... Her er me ved Geysir (Strokkur som erupterer)!

Det finst ei utstilling av daude dyr (og eit museum...) ved Geysir, og den kan ein ha det morosamt med!...

På laurdagskvelden vart det arrangert 80-tals party her på Gamli Garður, og antrekka folk møtte opp med var i sann 80-tals ånd! Festen var kanonbra, alle dansa til gamle schlägers som A-ha og Cindi Lauper, og karaoke vart sjølvsagt også arrangert! Eg og Karin var sletne både i kroppen og stemmebånda søndagen etter all dansinga og synginga, dette var faktisk den beste treninga me hadde hatt på lang tid fann me ut! Eg vann faktisk prisen for beste jentekostymet, men eg veit ikkje heilt om det er positivt eller negativt...!
Katie (som eg bur med her på Gamli) og Karin i sann 80-tals stil!
Meg i djup konsentrasjon medan eg syng Simple Minds sin klassikar frå "The Breakfast Club"; "Don't you forget about me"....
Søndagen vart tilbragt på loppemarknaden, som faktisk har alt mellom himmel og jord!
Litt sengelektyre for dei som er interesserte...! Husmorpornoen lenge leve!

Jajamen... Til og med Neil Sedaka (for ikkje å gløyme Olav Stedje) finn ein her! Eg kjøpte rett nok 2 LP'ar, men det var Motörhead og Mötley Crue...


So no skal eg lade opp, for i morgon kjem tante Astrid og Tom på besøk, og då skal me forhåpentlegvis rekke over ein stor del av Island før dei reiser heim og neste besøk er på veg....!