onsdag 30. januar 2008

Kinesisk nyttår på Island

Ikveld har me feira kinesisk nyttår her på Gamli. Me har heldigvis folk frå Kina, Japan og Taiwan som bur her, so dei diska opp med kjempegod mat, og alle betalte sin del av etegildet (kun 20 kr...!) og åt seg gode og mette!


Her ser me nokre av kokkane forklare kva me eigentleg skal hive i oss: Frityrsteikt torsk, steikt ris, kinesisk vårrull, vietnamesisk vårrull, karrigryte med ris, egg kokt i soyaolje og te, kinesisk vin (52% som me fekk av ambassaden! -gratis!:) )og te, japansk suppe, "chicken kungpao"++++ masse godt å velje i med andre ord!

Her er 1.porsjon eg gomla i meg, alt var kjempegodt!


Her ser du den kinesiske vinen, "Jiung Jiu", som har ein alkoholprosent på 52 (!). Hana og Julien likte smaken ser det ut som!


Hana og Helena har det kjekt, det same har Suzie og Colin, dei to laga forresten ein del av maten, so "cudo's" til dei!

lørdag 26. januar 2008

Japansk festival!

Av alle ting du kan finne på her på Island har det i dag vorte arrangert ein japansk festival! Me måtte jo sjølvsagt sjekke kva dette dreia seg om, Hana var spesielt nyskjerrig for ho er jo frå Japan...

Me fekk gratis risbollar og cola, og då vart me sjølvsagt interesserte....


Her ser me Harald og Hana i djup konsentrasjon når dei skal skrive japanske teikn (kaligrafi). Bestefaren til Hana var faktisk kaligrafikunstnar, so ho har noko å bevise her!:-)



Origami er kunsten å brette papir, og her har Krystal og Harald fått kvar sin trane. Ganske nøgde begge to!

Her ser du arka som Hana laga til meg, på arket til venstre er symbolet for stein (må jo vere litt geologi-nerd) og til høgre er namnet mitt på japansk (som betyr "log"=trestokk....!). Her er tranen min:-)

Korleis feire gebursdag i Reykjavik?

I går, 25.januar, blei eg heile 22 år! Dagen måtte jo sjølvsagt feirast med brask og bram, og mange av dei eg bur med her på Gamli og nokre til skulle bli med ut om kvelden.

Når eg sat framfor dataen i fem-tida og skulle sjekke mailen min blei eg henta av Harald for å hjelpe han med noko på kjøkenet. Lite ante eg at der sat heile gjengen og hadde baka kake og kjøpt ei islandsk tegneseriebok til meg! Eg blei sjølvsagt flau, for det er då ikkje so lenge me har kjent kvarandre, men kjempesnille og kjekke er dei alle saman! Tusen takk til dei!

Her ser du bilete av boka som eg fekk og kortet dei hadde laga til meg, kaka gjekk diverre so fort vekk at den fekk eg ikkje tatt bilete av!:-)

Heftig dansing på vorspiel må til! Harald, Krystal, Hana og Colin svingar seg laus!


Her sit me på ein pub der folk byrja å danse heftig på slutten! Suzie er ein racer på dansegolvet!

Colin og meg. Colin var litt full so det var like greitt at det er eg som held ølglaset her!

Helena (som også er frå Norge) ser litt betenkt ut?

...og dansinga er i gong...



Dette er ein fyr frå studentrådet (som hadde eit arrangement same kvelden) og Elisabeth frå Quebec som eg bur saman med. Litt bedugget kanskje?

Ein blid gjeng som dansar på Cafe Thomas..ur...trur eg!:-) Hana, Theo og Krystal + ukjent mann som blei med på bilete.

Me var innom mange pubar på vegen, eg hadde ikkje nok batteri til å ta bilete overalt, men moro hadde me det iallfall, og no kan eg føye til livserfaringa at eg har feira gebursdagen min i Reykjavik!

søndag 20. januar 2008

Jiiihaa

Ja, du og du, det er ikkje moro å vere sjuk når du er i utlandet... Har vore litt forkjøla dei siste dagane, so det har ikkje blitt noko oppdateringar frå sagaøya.

No har eg heldigvis fått orden på faga eg skal ta når eg er her oppe, for dei av dykk som er interesserte skal eg altso ta følgjande fag:
  • "Volcanology"
  • "Quaternary environments
  • "Glacial geology"
  • ...og muligens "Interpretation of aerial photographs"
Me var sjølvsagt ute ein liten tur på fredag, kom oss ikkje heim før klokka var over 5 om natta, for her stenger ikkje uteplassane før kl. 6! Eg har ingen bilete av utelivet, men me dansa heftig til 90-tals schlägere som Haddaway- what is love, Corona - rythm of the night, og når dj'en spelte Spice girls tok jo me jentene heilt av...! Sikkert like greitt at eg ikkje har bilete, når eg tenker meg om...

No er det under ei veke att til bursdagen min, so då skal eg ta masse bilete for å syne utelivet her i Reykjavik, no byrjar eg å skjønne kvifor folk skryter av det heile tida!

Eg håpar jo sjølvsagt på vulkanutbrot no når eg er her (som den geologen eg er), og eg har høyrt at no er nokre av vulkanane på overtid i forhold til utbrot, so eg håpar på at eg får sjå noko slikt som dei neste bileta viser:



tirsdag 15. januar 2008

Kvardagen på Gamli Garður

Kvardagens ro og fred har senka seg her på Gamli Garður. Folk er byrja å bli kjende med kvarandre og har funne sin plass i kollektivet.

Ikveld blei det arrangert snøballkrig mellom alle dei internasjonale studentane på Tjörnin, innsjøen som ligg nesten rett ved Gamli Garður. Tjörnin er nett som Lille Lungegårdsvannet i Bergen, bortsett frå at vatnet her oppe har frose til, og det er no nesten trygt å ferdast på det. Greitt med snarvegar!

Idag har eg teke nokre bilete av kvardagslivet her og av rommet mitt...




Colin var svolten som ein hest, so han tok likeså godt å kjøpte seg hest- og kvalkjøt på loppemarknaden. Her står han og lagar seg hestewok som eg fekk smake. Det var skikkeleg godt (sorry Karin og Hege)!


Alle romma her på Gamli Garður har eigne namn (nett som på Jostedal Hotell...tilfeldigheit? neppe...). Rommet mitt har namnet Hraun (uttalast "Hrøyn") og tyder "lava". Passande namn på rommet mitt, synest eg.

Kortet som eg har hengt på døra har teksten "Unnskyld for at eg blei fødd sånn"...




Rommet mitt er ikkje so stort, so det er ikkje lett å ta bilete av det. Det skal bli finare her, eg må berre få kjøpt inn litt pynt, det ser nok litt nakent ut her no. Litt vanskeleg å motivere seg for "nipse-kjøp" når det er snøstorm ute, og du missar bokstaveleg talt 3 lag med hud i trynet på grunn av vinden!


Eg har ikkje so mange plakatar på rommet endå, so det vetle eg har av pynt er stort sett desse postkorta eg har kjøpt. Ein mann i handlegata her, Laugavegur, har laga postkorta sjølv. Eg fann eit Derrick-kort til og med, so det var klart eg måtte kjøpe det!


Her er nok eit håndlaga postkort, skrifta betyr "Hald kjeft og bli sett", i meininga "Jente, sett deg ned, ver pen, bli lagt merke til". Den observante lesar merkar nok at dette er ironisk frå feministane her på Island, og biletet er frå 1950-talet. Ja, eg fann Newcasle her forresten. Heldigvis!

søndag 13. januar 2008

Laurdagskveld i Reykjavik

I natt var me ute på byen, me var ikkje so mange som var med, for folk har byrja å merke prisnivået her oppe, men me var ein liten gjeng som gjekk ut likevel. Me starta sterkt på kjøkenet...



Laurdagar er det obligatorisk å gå ut her i byen, men fyrst må me ha vorspiel! Harald reklamerer for bayersk/islandsk øl (han er frå Bayern og stolt av det!)







Eg, Harald og Kristal frå Canada var fyrst på "Sirkus", yndlingsbaren til Björk, so på "11", som visstnok er rockebaren her i Reykjavik. Er nok litt mørkare på Inside, men det er ein koseleg bar!

lørdag 12. januar 2008

Helgeliv

Helgane er bedagelige her oppe i forhold til heime. Eg er vant med å jobbe stort sett kvar helg, so no når eg kan gjere det som passar meg er det luksus! Idag har me vore på loppemarknad og på Kringlan, eit av kjøpesentra her.


Dette er Gamli Garður, her skal eg då bu i nokre månader. Eg bur heilt nederst, so eg slepp å springe opp og ned i troppene (praktisk viss du har hatt i deg eit par øl...). Her har eg eige rom, og delar bad og kjøken med mange folk frå all verdens land. Det er både moro og sosialt å bu her, og sidan me bur på campus har me kun 3 min å gå til skulen!



Hovudbygningen på universitetet ligger rett ved Gamli Garður.




Det er ganske flotte fargar når sola står opp!



Harald frå Tyskland var også med og fotograferte morgonhimmelen idag tidleg.


Me har vore på loppemarknaden her idag. Den er open i helgane, og her har dei masse artig. Eg fann til dømes "Cheech and Chong"-dvd, kjolar som blir nytta til selskapsdans (sjølvsagt frå 80-talet), autentiske 2.verdskrig-uniformar frå både Tyskland og Russland, mange islandske bøker, hestekjøt, fisk, Titanic-t skjorte med dårleg trykk av Leonardo DiCaprio og alt mellom himmel og jord. Dette skulle me ha hatt heime!



Dette er Colin frå California (viktig å presisere at han er frå California, ikkje frå USA...



Kven kunne ha visst at dei har Victoria's secret for born her oppe?



Dette er faktisk heilt utruleg! Trur du ikkje at Olav Stedje har infiltrert Island også!? På loppemarknaden fann eg faktisk ei gammal plate der han pryda coveret. Eg trudde eg var kvitt "Ta meg med" iallefall fram til sommaren, men nei.. Må vel lengre av garde for å sleppe unna denne karen..

fredag 11. januar 2008

Fleire bilete..






Her er eit nytt bilete av Askja, bygningen min her på Island, og eit "kunstnerisk" bilete av Hana frå Japan, som tek geologifag med meg Ho studerer til vanleg i Australia, so du kan sei at hudfargen vår er litt forskjellig, eg er faktisk nesten gjennomsiktig no...

torsdag 10. januar 2008

Dei fyrste bileta...


Dette er altså dei fyrste bileta. Når me byrjar feltkursa (og når eg ha litt betre tid) skal eg få lagt ut litt finare bilete, for det er begrensa kor mykje natur du får med på bilder tatt i sentrum av Reykjavik... Denne bygningen (som ifølgje taxisjåføren som køyrde meg frå flyplassen liknar "half a tit") heiter Perlan, og har både museum og restaurant på toppen og gudane veit kva. Om kvelden er det lysshow her. Dette er ein del av utsikta mi frå Gamli Garður. Ganske flott i skumringstimen!





Dette er Askja, bygningen der eg har dei fleste forelesningane mine. Det tok visst 6 år å byggje, men etter å ha vore her no nokre dagar, so har eg skjønt kvifor. Islendingar er ikkje det raskaste folkeslaget i verda...