lørdag 12. januar 2008

Helgeliv

Helgane er bedagelige her oppe i forhold til heime. Eg er vant med å jobbe stort sett kvar helg, so no når eg kan gjere det som passar meg er det luksus! Idag har me vore på loppemarknad og på Kringlan, eit av kjøpesentra her.


Dette er Gamli Garður, her skal eg då bu i nokre månader. Eg bur heilt nederst, so eg slepp å springe opp og ned i troppene (praktisk viss du har hatt i deg eit par øl...). Her har eg eige rom, og delar bad og kjøken med mange folk frå all verdens land. Det er både moro og sosialt å bu her, og sidan me bur på campus har me kun 3 min å gå til skulen!



Hovudbygningen på universitetet ligger rett ved Gamli Garður.




Det er ganske flotte fargar når sola står opp!



Harald frå Tyskland var også med og fotograferte morgonhimmelen idag tidleg.


Me har vore på loppemarknaden her idag. Den er open i helgane, og her har dei masse artig. Eg fann til dømes "Cheech and Chong"-dvd, kjolar som blir nytta til selskapsdans (sjølvsagt frå 80-talet), autentiske 2.verdskrig-uniformar frå både Tyskland og Russland, mange islandske bøker, hestekjøt, fisk, Titanic-t skjorte med dårleg trykk av Leonardo DiCaprio og alt mellom himmel og jord. Dette skulle me ha hatt heime!



Dette er Colin frå California (viktig å presisere at han er frå California, ikkje frå USA...



Kven kunne ha visst at dei har Victoria's secret for born her oppe?



Dette er faktisk heilt utruleg! Trur du ikkje at Olav Stedje har infiltrert Island også!? På loppemarknaden fann eg faktisk ei gammal plate der han pryda coveret. Eg trudde eg var kvitt "Ta meg med" iallefall fram til sommaren, men nei.. Må vel lengre av garde for å sleppe unna denne karen..

4 kommentarer:

Anonym sa...

Flotte bilete! Men døøh?? Når står soli opp dar oppe? Sidan du har teke bilete av ein solOPPgang? Må du tidleg på skulen eller? mwoahahaha!
Når det gjeld Olav Stedje so er det ein kar ein ikkje kan gjøyme seg frå, det vere seg om ein er i praha (dar fann eg ei plate...) eller Reykjavik.... Han treff du på overalt i verden - akkurat som jostedøler:D

Marthe sa...

eg trudde faktisk eg var kvitt han for eit halvt år, men tydelegvis ikkje...var soloppgong ca kl 11.30 idag, er ikkje på skulen på laurdagar, men skulle på shopping!,blæblæ;)

Anonym sa...

du er komt vel fram also! :) Good.
Masse liv der eller??
Kaldt?

Marthe sa...

Ja, eg kom fram seint den 2. eg:=) Har blitt ein del barar no ja, eg bur på studenthus, so det er kjempesosialt, og berra kjekke folk her!
Det er faktisk ikkje so kaldt som ein skulle tru her, men ein god del vind dessverre, litt meir enn Bergen;)