onsdag 7. januar 2009

På besøk til Lilja i Akureyri!

Like før eg reiste heimatt frå Island i mai var eg på besøk til Lilja i Akureyri, nord på Island. Ho passa meg på Haugen då eg var 2 år, og eg har nesten ikkje treft ho att etter det, så eg var spent då eg sat på flyturen (som ikkje var av dei lengste, er ikkje så langstrakt land...)! Eg var redd eg ikkje kom til å hugse korleis ho såg ut, og då eg landa på det som sikkert er ein av dei minste flyplassane eg har vore på, såg eg sikkert noko bekymra ut.


Gammalt bilete av meg og Lilja på haugen, sjekk ut sveisane!

Heldigvis kom det raskt to damer mot meg; Lilja, og dottera hennar Johanna. Johanna hadde vore så snill at ho hadde kjøpt meg ein liten bamse til mobilen for å ynskje meg velkommen, og me har jo aldri møttes før, så det var kjempesnilt! Eg fekk til og med låne prinsesserommet som var dekorert frå topp til tå med ...ja, nettopp, prinsesser, hjå Johanna dei 2 nettene eg var der! Ho måtte på skulen då eg og Lilja skulle køyre rundt og vere turistar, men neste gong eg skal opp der så skal eg passe på å komme då det ikkje er skule, slik at ho også kan vere med:)

Johanna i flott positur!

Prinsesserommet!

Lilja var så snill og køyrde meg rundt den eine dagen ho hadde fått fri, medan mannen Sigurður (Siggi) var på jobb. Me køyrde langt og lenger enn langt, men fekk med oss mange flotte stader, blant anna Dimmu Borgir, Krafla og ei blå lagune som var knallblå og tom for andre turistar!
Her er nokre av bileta frå områda rundt Akureyri (som anbefalast på det sterkaste, eg skal opp der att ein gong til, minst!):


I Dimmu Borgir var det fleire stiar, du kan bli gåande i fleire timar i dette landskapet. Det har blitt danna ved eksplosiv kontakt mellom lava og havvatn.
Lilja

Meg ein eller annan stad i Dimmu Borgir. Ikkje mykje brunfarge å spore her, gitt...

Eit gigantisk vulkankrater i Krafla, dette er berre ein liten del av krateret.
Legg merke til folka som skala!


Krafla kraftverk, det er ganske kul blåfarge bak i fjella, men det er kan hende litt vanskeleg å sjå pga kameraet

Den som føler for å sniffe inn svovel så det river i nasen burde dra hit, meir effektiv oppkvikkar enn møkalukt!

tirsdag 6. januar 2009

Back in the game!

Jajamen, eg er tilbake!

Denne gongen rapporterast det frå studentlivet i Bergen, og eg skal laste opp dei siste bileta eg tok på Island og diverse frå studentlivet i Bergen. Men: om ikkje det er det eine så er det det andre som er gale... No når eg har skaffa meg ny pc (dell må de vite!), printar, og flunkande nytt digitalkamera så må jo sjølvsagt breibandsleverandøren på hybelen gå konkurs...men med ein gong problemet med null nettilgong er fiksa, så skal det bloggast!