lørdag 23. februar 2008

The Golden Circle

Idag har eg vore turist her på Island! Eg, Hana, Brad, Harald og Loran (ein nederlandsk gut som berre er på gjennomreise) leigde oss bil og køyrde den sokalla "Golden Circle" her på Island.
Ruta me då tok var rundt den sørvestlege delen av Øya, og me fekk med oss ein god del spennande plassar!

Me stod opp so tidleg me klarte etter litt rolegare festing enn vanleg inatt, og var vel på vegen kvart på 11 idag tidleg. Fyrste stopp på vegen var Þingvellir (Tingvoll), der Allþingi (Alltinget) starta i år 930 for å fastsetje lover, avgjere tvistar og dømme lovbrytarar. Her var naturen spektakulær, ikkje minst fordi det her er plategrense mellom den Nord-Amerikanske plata og den Europeiske plata, godbetar for geologar altso!:)

Her går me faktisk midt i riftsona, og her deler og utvidar landet seg fortsatt! Den Nord-Amerikanske plata til venstre i biletet, og den Europeiske til høgre.

Eg syner musklar mellom platene!

Her er litt av utsikta, me ser her delar av Thingvatn, den største innsjøen på Island (so vidt eg veit).

Her var det litt av kvart som har skjedd opp gjennom åra, noko spesielt var det at kvinner som hadde vore utru blei drukna i elva her, medan mannfolka vart halshogde. Staden der kvinnene vart drukna var merka langs stien:

Her er altso "åstaden".

Her prøver Harald, Hana og Brad å rekonstruere, men eg er usikker på om det var slik islendingane gjorde det...

Det var ogso laga eit fossefall her, eg veit ikkje heilt kva grunnen er, men flott var det iallefall:

Turen gjekk so vidare til Geysir. Den største geysiren har sjeldan erupsjonar no medan den vetle geysiren, Strokkur, har utbrot ca. kvart sjette minutt, so me fekk med oss mange spektakulære syn!


Det er utruleg flott å sjå kva naturen kan gjere!

Me måtte reise vidare, og neste stopp var Gullfoss, eit av dei største fossefalla på Island. Det er sikkert spektakulært når det er sommar og isen har smelta, men eg synest det var kjempeflott no med all isen og dei flotte fargane på himmelen idag! Her er nokre av dei flotte utsiktene me såg:
Me vart trøtte etter ein lang dag med reise, enkelte meir enn andre:-) :
Hana rolegare enn normalt...

Eit siste bilete frå bilturen heimatt, som var prikken over i'en på ein spennande dag!

mandag 18. februar 2008

No er det offisielt:

Eg er endeleg med i det 21.århundre att!

I dag har eg ENDELEG fått mobilen eg bestilte i heimlandet for ein månad sidan opp hit! Den gamle, utslitte (og utrendy orange-farga...) mobilen min har bukka under for lengst grunna ølflasker den ufriviljug har opna + diverse ufriviljuge fall frå lommane mine... Eg har no hatt ein seremoni der eg heiv den inn i skuffa på skrivepulten, og har kopiert telefonnumre over til den nye, fancy, glatte, mørkeblå (ikkje orange-farga mobil denne gongen!) mobilen min.

Ei siste ære skal den gamle mobilen få:



Og no: den nyyyye mobilen (skal seiast som "den siste melooon" frå Istid):



Og før spørsmålet kjem: Ja, eg har kjeda meg idag...

lørdag 16. februar 2008

Ute i helgane...

Jodå, me var ein tur ute igår og, me var fyrst på ein kaffibar som blir til nattklubb om kvelden, noko som er eit populært konsept her oppe. Det er faktisk ganske praktisk og, so kanskje det hadde vore noko for moderlandet? Her traff me Harald, og to finske jenter som også blei med på dansing til Lou Bega sin hit "Mambo no 5". Eg treng vel ikkje nemne at alkohol er inne i bildet når folk skal danse til den låten...



Seinare, same kvelden, fann me ut at å dra på homsebaren her i Reykjavik, Q-bar, var ein god idè. Klokka var vel rundt 3 om natta når me reiste dit, her oppe stenger jo ikkje barane før 6 om morgonen, so der var det sjølvsagt fullt liv!:)

Herleg uttrykk på mannen i kvitt her!


Discokule må jo til!

Harald var sooo glad når me reiste til Qbar!

søndag 10. februar 2008

Sangria-fest!

No har det ikkje blitt blogga ofte nok her ser eg, det er fordi forrige helg bestod av konsertar (endeleg fann eg metal-konsertar her oppe!yess!!!) og fordi veret rett og slett har vore ganske fælt.. skal skjerpe meg no!:-)

I går hadde me iallefall sangria-fest her på Gamli, som er ein slags vin-punsj frå Spania. Det smakte nesten som gløgg, so det var ikkje so verst! Enkelte av oss fekk litt meir enn andre, noko Krystal hjelper meg å demonstrere her:

Ikveld var eg forresten på kino og såg "Alien vs Predator 2". Det var ein kanonbra film (ja, eg er nerd...) men her er ein liten fun fact om Island: Midt i filmen legg islendingane inn ein pause, slik at folk kan lufte seg, ta seg ein røyk eller gå på do! Eg veit ikkje om dette er vanleg i utlandet, kanskje eg ikkje har vore nok i utlandet?