søndag 10. februar 2008

Sangria-fest!

No har det ikkje blitt blogga ofte nok her ser eg, det er fordi forrige helg bestod av konsertar (endeleg fann eg metal-konsertar her oppe!yess!!!) og fordi veret rett og slett har vore ganske fælt.. skal skjerpe meg no!:-)

I går hadde me iallefall sangria-fest her på Gamli, som er ein slags vin-punsj frå Spania. Det smakte nesten som gløgg, so det var ikkje so verst! Enkelte av oss fekk litt meir enn andre, noko Krystal hjelper meg å demonstrere her:

Ikveld var eg forresten på kino og såg "Alien vs Predator 2". Det var ein kanonbra film (ja, eg er nerd...) men her er ein liten fun fact om Island: Midt i filmen legg islendingane inn ein pause, slik at folk kan lufte seg, ta seg ein røyk eller gå på do! Eg veit ikkje om dette er vanleg i utlandet, kanskje eg ikkje har vore nok i utlandet?

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hørtes jo greit ut me ein liten pause i filmen. Eg kan ikkje svara for resten av Utlandet, men her i junaiten e d ihvertfall ikkje pause i filmen. Bare syyyyyke mengder reklame før filmen begynne.

Anonym sa...

Faen meg bare drikking på deg, Marthe! :P

Eg var ute på galeien i går forresten.. Raudvinsfylla av alle ting.. Så det blei nesten sangriafest på meg og, hehe.. :P

Skal du på Turboneger i Bergen 8. mars? Nei, vent litt.. ^^

Me har forresten fått kjøkenbord. Jævlig tøft! ;P

Marthe sa...

tvila ikkje på reklamen in the us of a...trudde ikkje det va lika gale her på sagaøya;)

høyrde at det endle va komme kjøkenbord jah, va vel kanskje på tide no!;)
ska nok ikkje på turboneger nei, men ha vore på dei 4 gonga før elle nåke so det går bra, hehe... men den 24 februar kjem hayseed dixie opp hit, so ska nestn få me meg dei istadn eg!moahaha;)

Anonym sa...

oooo!!! Røykepause i filmen? GENIALT! Men det skulle egentle ha vore slek so i gamle daga når ein kunne røyke inne på kionoen=)