tirsdag 15. januar 2008

Kvardagen på Gamli Garður

Kvardagens ro og fred har senka seg her på Gamli Garður. Folk er byrja å bli kjende med kvarandre og har funne sin plass i kollektivet.

Ikveld blei det arrangert snøballkrig mellom alle dei internasjonale studentane på Tjörnin, innsjøen som ligg nesten rett ved Gamli Garður. Tjörnin er nett som Lille Lungegårdsvannet i Bergen, bortsett frå at vatnet her oppe har frose til, og det er no nesten trygt å ferdast på det. Greitt med snarvegar!

Idag har eg teke nokre bilete av kvardagslivet her og av rommet mitt...




Colin var svolten som ein hest, so han tok likeså godt å kjøpte seg hest- og kvalkjøt på loppemarknaden. Her står han og lagar seg hestewok som eg fekk smake. Det var skikkeleg godt (sorry Karin og Hege)!


Alle romma her på Gamli Garður har eigne namn (nett som på Jostedal Hotell...tilfeldigheit? neppe...). Rommet mitt har namnet Hraun (uttalast "Hrøyn") og tyder "lava". Passande namn på rommet mitt, synest eg.

Kortet som eg har hengt på døra har teksten "Unnskyld for at eg blei fødd sånn"...




Rommet mitt er ikkje so stort, so det er ikkje lett å ta bilete av det. Det skal bli finare her, eg må berre få kjøpt inn litt pynt, det ser nok litt nakent ut her no. Litt vanskeleg å motivere seg for "nipse-kjøp" når det er snøstorm ute, og du missar bokstaveleg talt 3 lag med hud i trynet på grunn av vinden!


Eg har ikkje so mange plakatar på rommet endå, so det vetle eg har av pynt er stort sett desse postkorta eg har kjøpt. Ein mann i handlegata her, Laugavegur, har laga postkorta sjølv. Eg fann eit Derrick-kort til og med, so det var klart eg måtte kjøpe det!


Her er nok eit håndlaga postkort, skrifta betyr "Hald kjeft og bli sett", i meininga "Jente, sett deg ned, ver pen, bli lagt merke til". Den observante lesar merkar nok at dette er ironisk frå feministane her på Island, og biletet er frå 1950-talet. Ja, eg fann Newcasle her forresten. Heldigvis!

4 kommentarer:

Anonym sa...

aha, so i see, everybody can now enjoy our nice little rooms... funny! But think about the Diplom Wirtschaftsingenieur! :D

Anonym sa...

http://artists.letssingit.com/oystein-sunde-lyrics-hest-er-best-vp1d81m

Høhøhøhø...

Marthe sa...

hehe... hest er best... som wok;)

Anonym sa...

ØØØyyy!!biaaaatch! Hest e best - ingen protest!! Hest e verken wok eller pålegg - det er ein venn=)