Ikveld har me feira kinesisk nyttår her på Gamli. Me har heldigvis folk frå Kina, Japan og Taiwan som bur her, so dei diska opp med kjempegod mat, og alle betalte sin del av etegildet (kun 20 kr...!) og åt seg gode og mette!
Her ser me nokre av kokkane forklare kva me eigentleg skal hive i oss: Frityrsteikt torsk, steikt ris, kinesisk vårrull, vietnamesisk vårrull, karrigryte med ris, egg kokt i soyaolje og te, kinesisk vin (52% som me fekk av ambassaden! -gratis!:) )og te, japansk suppe, "chicken kungpao"++++ masse godt å velje i med andre ord!
Her er 1.porsjon eg gomla i meg, alt var kjempegodt!
2 kommentarer:
Var den vinen (brennevinet?) dårlegare enn Pitùen på Inside? :P
hehe, den smakte litt ris og blomster,so eg veit ikkje heilt...minte eg litt om absinth for ei elle anna grunn;)
Legg inn en kommentar