onsdag 2. april 2008

Besøk! ...igjen!

Jajamensann, endå eit besøk heimefrå her oppe no, igår kom tante Astrid og Tom opp hit! Dei blir verande i ei veke, og har leigd seg bil, so no er det lett å komme seg rundt omkring.
Idag har me køyrt frå Reykjavik til Snæfellsneshalvøya rundt og tilbake. Det vart ein lang tur, men vel verdt det!
Fyrste stopp på turen var Garðaberg, ein av dei mange ikkje-planlagde stoppa me hadde idag. Me køyrde tilfeldigvis forbi noko som likna på ein merkeleg oppdemjing frå avstand, og heldigvis vart Tom so nyskjerrig at han køyrde inn den vetle sidevegen for å finne ut kva dette var. Då me kom nærare såg me til vår store glede at "demjingen" var søylebasalt (ja, geologar finn stor glede i slike ting...)!Utruleg flotte formasjonar! Legg merke til "det skeive tårn i Pisa"-look-a-liken nederst til venstre!
2 halvgamle turistar på Island med tidenes raudfarga bil! ;-)

Her er då Snæfell, bileta er tatt frå forskjellige vinklar. Veldig flott fjell med silkeoverflate!


På vegen til Snæfellsjökull (ein relativt grusete, usikker, svingete og humpete veg...) var det flott utsikt til alle kantar.

På denne vegen låg også Sönghellir, også kjent som "The Singing Cave"
...Tom måtte jo sjølvsagt åke seg inn i hòla og ta bilete! ;-)
Ein haug med steinar låg her også...!



Her er me "on the road" og køyrer innom ei lita bygd, der det var flotte formasjonar og masse fuglar nede ved vatnet!Same stad var det også ein steinfigur reist til minne om...ja, ein eller annan...(er ikkje heilt god på historie....). Men det var ein tøff figur (endå tøffare enn trollet på Hundersfossen- om det går an!)

Ein lang dag vart det, men jammen såg me masse fin natur! I helga satsar me på å reise ned til Vatnajökull for eit par dagar, so me kryssar fingrane for å få ein minst like fin tur (og ikkje minst ver!) som me fekk idag!

Ingen kommentarer: