fredag 4. april 2008

Tidenes tur!!!!

Herregud for ein utruleg dag eg har hatt idag!

Dagen byrja med eit feltkurs rundt i Reykjanesområdet, og etter det var det meininga at eg, Astrid og Tom skulle byrje på helgeturen til Vatnajökull. Men den gong ei...

Ikkje nok med at me istaden skulle leige eit småfly for å flyge litt rundt på den sørvestlege delen av Island, men i tillegg so fekk Tom vere styrmann! (han har jo lappen so det skulle jo gå greit;-)

Trur du ikkje me fyrst flaug litt over lavalandskapet ut mot Reykjanes, men so gjekk turen til Vestmanneyjar (der eit kjent vulkanutbrot tok plass i 1973) der me såg restane etter dei store lavastraumane!?

Men ikkje nok med det: Når me likevel var på vegen, so svingte me innom Surtsey! Dette er svært spesielt, fordi Surtsey dukka opp av havet i 1963! Øya er freda fordi forskarane vil la fuglane vere i fred og sjå korleis livet utviklar seg på øya, men det er lov å fly over. Dette var utruuuuuleg moro (både for geologar og andre!)! Bileta er alle (sjølvsagt...) tekne frå innsida av flyet, so kvaliteten er vel ikkje fullgod, men herregud- for eit syn!
Vestmanneyjar frå lufta, og to blide pilotar; Tom og Albert!


Meg happy for å vere i lufta!


Her er vulkanen Hekla sett frå fugleperspektiv! Dette er ein svært farleg vulkan, og den er også relativt nær Reykjavik. Hekla er på overtid no, so dei forventar eit utbrot her om ikkje so altfor lenge.



Fantastisk utsikt over Surtsey!!!

Astrid og meg utafor det store, flotte flyet vårt idag!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Heldige deg, det såg heilt fantastisk ut!!
kjellrun

Marthe sa...

ja, det var faktisk heilt utruleg å sjå, eg har hatt ein del om desse øyene på skulen, men det er noko heilt anna å sjå dei i verkelegheita!;=)

Janne sa...

Eg og vil te Island!!! Som sagt; go Island-ambassadør du;)

Marthe sa...

hehe, ja eg prøver mitt beste;)

Anonym sa...

Hahhaaaaa