søndag 6. april 2008

Knallhelg!

Denne helga har eg vore med Astrid og Tom til Vatnajökull, og me har sett kjempeflott natur! Me har hatt utgangspunkt i Skaftafellområdet, og har sove på Skaftafell Hotel. Det er luksus å få sove på hotell, og å få komme seg litt vekk frå studentheimen i Reykjavik! Eg har fått so utruleg mange flotte bilete og sett storslått natur, for kvar enn du snur deg so ser du eit fantastisk motiv! Naturen her er so variert; du får sett alt frå store lavastraumar til brevatn der det er mykje kalving og til og med reinsdyr og sel!

Her er eit lite utval av kvar me har vore, det er umogleg å få med alt diverre!


Dette er flotte fossefall i Þorsmörk, ein dal me køyrde forbi på vegen.



Me fekk som nemnt sjå litt reinsdyr på vegen; det var flott å få avbrekk av alle dei tusenvis av hestane som er overalt!



Litt av utsikta over Skeiðarársandur; den største sandur i verda! Denne blir jamnleg overfløymd av jökulhlaups som kjem frå Vatnajökull. Jökulhlaup er katastrofale flaumar som dekkar heile sanduren, og her låg det vegar og bruer som vart totalt øydelagde etter forrige jökulhlaup i 1996. Maks. flaum vart rekna å vere 50,000 kubikkmeter per sekund!


Svínafellsjökull, ein av dei mange flotte breane me såg på turen!

Utsikt frå Vik i Myrdal, flotte klipper!

Her er me ved Jökulsárlon framfor Breiðamerkurjökull. Jökulsárlon er ei brelagune, og det var her dei spelte inn James Bond-filmen: "Die another day" (istaden for i Jostedalen....)

Eg må ærleg innrømme at eg skjønte kvifor dei spelte inn filmen her, dette er faktisk noko av det nydelegaste eg har sett, me blei ståande og måpe alle saman! Heilt fantastisk ver, fantastiske brear og natur, og i tillegg masse isfjell og ikkje minst såg me sel her! Dei låg og slappa av innerst i laguna, og hadde det tydelegvis like flott som me hadde det!

Spreke ungdomar...!

Her ser du godt midtmorena på Breiðamerkurjökull.

Me gjekk også til Svartifoss, der fossen grev seg bakover i svart søylebasalt, som har gitt opphav til namnet. Søylebasalt blir danna ved sein avkjøling av store lavamengder (straumar), slik at lavaen får tid til å krystallisere til heksagonale søyler. Moro!!!


Køyreturen heimatt vart også flott, og då me kom inn att i Reykjavik sentrum såg eg tidenes motorsykkel! Her oppe går det tydelegvis i Haralður Daviðsson, og ikkje Harley Davidson!:-)

Ingen kommentarer: