tirsdag 25. mars 2008

Påska!

Eg reiste heim i påska, og det var jo stort sett pga jobbing...men litt skigåing blei det jo tid til og, eg kjøpte meg jo nytt skiutstyr til 6000 (!) kr, og måtte prøve det eit par gongar.

Eg og Karin skulle på Geisdalen og ville låne med oss Jølle og Nansen på turen, so då måtte me til Frank og hente dei, og han hadde 6 fantastisk søte kvelpar i hundegarden sin so me sjølvsagt måtte kosemoseoverdose litt med!

Nyyydelege kvelpar!!
Flott utsikt!

Det var eit godt forsøk på tigging, men ikkje godt nok, karar...

Litt overraska for at han ikkje fekk noko?
Det var ikkje berre me som nytte sola...

Testing av ski...Det gjekk litt opp og ned, men er vel ei tilvenningssak for ei som er van med langrennski, og kun har prøvd carvingski éin gong før...!

Eg ville teste skia på Tullhaug også, litt meir kontrollert, men måtte prøve å unngå å dette oppi her...

Idyll på marki!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Karin ser ut som om ho ska drepe den stakkars kvelpen :P

Anonym sa...

"Cruella de Vil 2"...:P