Igår skulle eg nok ein gong på turisttur, denne gong med Siv. Me hadde allereie rukke å bade i den blå lagune på måndag, men Siv skulle få med seg litt meir, og ho var svært interessert i å få med seg Gullfoss og Geysir, so me hoppa på ein av dei mange tur-bussane her.
Fyrste stopp på denne litt kortare versjonen av "The Golden Circle" var Kerið, eit vulkankrater som eg synest var utruleg flott! Kalderaen er 270 x 170 m og omlag 55 m djup. Utruleg moro å sjå slikt som me ikkje akkurat kan sjå heime i Jostedal...
Legg merke til bergarten som har ein flott raudfarge!
Turen gjekk vidare til Gullfoss, og her er nokre bilete derfrå:
Akkurat idet me var på veg opp att såg me denne regnbogen over Gullfoss, ganske bra timing!
So køyrde bussen vidare til Geysir. Denne gongen var det mykje meir vatn i Strokkur enn det var sist gong eg var der, so eg lurar på om sjølve erupsjonane kom høgare også. Flotte bilete fekk me iallfall!
Stille før stormen...
Alt i alt ein flott tur, som kan anbefalast!
4 kommentarer:
"Legg merke til bergarten som har ein flott raudfarge!"
Hmmm... røfarge? Eg kan ikkje sjå nåkke røfarge. Følast som eg e på 102-tur igjen.
:)
hehe, jojo, men var kanskje ikkje det biletet der du såg det best...;)skal poste fleire eg...;)
Raufargen e mine roseflåtte kinn:) marthe..du e no skjønn naor du vil!:) hehe
visste folk kom te å kommentere den setningen jah;) roseflotte...hehe...ja du kan få sagt det...
Legg inn en kommentar