søndag 8. mars 2009

Vinterball!

I går vart det arrangert vinterball på mat-nat (fakultetet mitt), og det kunne eg sjølvsagt ikkje gå glipp av!
Det har vore tradisjon at geologi- og geofysikkstudentane har arrangert julebord for heile fakultetet i mange år, og eg har sjølv vore med å arrangert det (har hatt ansvar for maten - sjølvsagt...), men i år fekk me ikkje lov til å ha julebord fordi det var nokre få som øydela for resten i fjor med å tømme brannslokningsapparat utover gongane på skulen. Heldigvis fekk Mjøllnir (den ansvarlege organisasjonen) lov til å arrangere ball no, og då vart det både herrenes og damenes tale, og til og med ein toastmaster var der!

Her er nokre bilete frå festlegheitene:


Silje og Bjørnar

Anne og Ingrid

Inger Lise


Anne og Erik har det skoj, som bestemor ville ha sagt!;)

Til slutt: GRATULERE MED KVINNEDAGEN TIL ALLE MEDLEMMER AV DET STERKASTE KJØNN! :D

3 kommentarer:

Janne sa...

I sleke tilfelle kunne eg ønska eg åg gikk pao mat-nat. HF drive kje me sleke ting dai!

Anonym sa...

Ja, du får bjønne på mat-nat veittu;)

Anonym sa...

døhh! Klompen! OPPDATERING SNART,TAKK...