Av alle ting du kan finne på her på Island har det i dag vorte arrangert ein japansk festival! Me måtte jo sjølvsagt sjekke kva dette dreia seg om, Hana var spesielt nyskjerrig for ho er jo frå Japan...
Me fekk gratis risbollar og cola, og då vart me sjølvsagt interesserte....
Her ser me Harald og Hana i djup konsentrasjon når dei skal skrive japanske teikn (kaligrafi). Bestefaren til Hana var faktisk kaligrafikunstnar, so ho har noko å bevise her!:-)
Origami er kunsten å brette papir, og her har Krystal og Harald fått kvar sin trane. Ganske nøgde begge to!
Her ser du arka som Hana laga til meg, på arket til venstre er symbolet for stein (må jo vere litt geologi-nerd) og til høgre er namnet mitt på japansk (som betyr "log"=trestokk....!). Her er tranen min:-)
4 kommentarer:
haha - trestokk=)....
Gratulere med vel overstått. Om du vil kontakte Lilja, er adressa liljag@postur.is
Marthe er ein stein trestokk! :P
haha:)
Legg inn en kommentar