No har eg heldigvis fått orden på faga eg skal ta når eg er her oppe, for dei av dykk som er interesserte skal eg altso ta følgjande fag:
- "Volcanology"
- "Quaternary environments
- "Glacial geology"
- ...og muligens "Interpretation of aerial photographs"
Me var sjølvsagt ute ein liten tur på fredag, kom oss ikkje heim før klokka var over 5 om natta, for her stenger ikkje uteplassane før kl. 6! Eg har ingen bilete av utelivet, men me dansa heftig til 90-tals schlägere som Haddaway- what is love, Corona - rythm of the night, og når dj'en spelte Spice girls tok jo me jentene heilt av...! Sikkert like greitt at eg ikkje har bilete, når eg tenker meg om...
No er det under ei veke att til bursdagen min, so då skal eg ta masse bilete for å syne utelivet her i Reykjavik, no byrjar eg å skjønne kvifor folk skryter av det heile tida!
Eg håpar jo sjølvsagt på vulkanutbrot no når eg er her (som den geologen eg er), og eg har høyrt at no er nokre av vulkanane på overtid i forhold til utbrot, so eg håpar på at eg får sjå noko slikt som dei neste bileta viser:
3 kommentarer:
Fire, FIRE! :D
Har du funne ut korleis du skal få lavaen du har lova meg, ned i termosen? :P
ja, eg ska lage ein spesitermos av saueskinn!;D
LOL
Legg inn en kommentar